Hildegunn & Leif-Per
Med Kringkastingsorkestret
Det vil bli gjort TV-opptak av NRK under arrangementet. Publikum kan bli filmet.
I meir enn to år har
Hildegunn & Leif-Per Moltubakk turnert land og strand UTAN
Kringkastingsorkestret. Slik måtte det nesten bli, etter at
Kringkastingsorkestret (KORK) aldri svara på dei 34 e-postane Hildegunn sende –
med forslag til både program og koreografi – og påfølgjande spådd suksess, for
husmora frå Sunnmøre er småsynsk, må vite.
Men no har KORK endeleg snudd og er på friarføter, for plutseleg er dei gode
nok: Ulsteinviks Grand Dame med 60 prosent stilling på Cubus og attåtnæring som
spirituell coach – og drosjesjåføren som er Sunnmøres 14. beste gitarist.
Fredag 9. og laurdag 10. april 2027 inviterer Kringkastingsorkestret og den
eksentriske humorduoen til ein heilaftan med musikk som både inspirerer, rører
og vekkjer minner. På programmet står mellom anna bossanova, herlege
jazzperler, country og nasjonalromantikk – og Herborg Kråkevik er invitert på
kaffi, må vite. Akkurat denne delen skal gjennomførast med minst mogleg
dramatikk, for spørsmålet har hengt i lufta i årevis: Kven er eigentleg den
største divaen i underhaldningsbransjen – Herborg Kråkevik eller Hildegunn
Moltubakk?
Dirigent: Torodd Wigum
Aldergrense 6 år